tirsdag 24. juni 2008

Godt sagt om geiter:

For ein gjeng!
- Sara Eitungjerde -

fredag 20. juni 2008

Takk for grisefot del 4:

Del fire går til ho som utan at ho visste det gjorde meg ein kjempeteneste idet ho rømte ut bakdøra mens eg såg andre vegen på grisefoten som lærte seg å sykle. For det første visste eg ikkje at det var ei bakdør i Slottet og for det andre hadde vi sikkert berre gått på veggane uansett.
No kan vi leve lukkelege i eit liv som vi må stappe fullt med LAKSEPATÈ frå morgon til kveld. Og så må du og din gå heim i solnedgangen som eit skrøpeleg ektepar til musikk av ein gal orgelpianist. Og eg skal snart velge bilete - men det blirikkelett!

Til alle saman, hugs alltid: You got to fight for your right to PAAAAAATÈ!
Så får dikka det like morsomt som vi har hatt det.

Takk for grisefot del 3:

Ny informasjon har forplanta seg i min kropp og sjel. Som dei fleste veit så har eg krangla ein del opp gjennom mi tid her på Firda og då spesielt med ein person. Ja, det er ikkje mange som veit at det var ho som trykte ein ananas i fjeset mitt sånn at eg fekk ujevn pigmentfordeling. Det er ikkje sjeldan eg har måtte tydd til grisefotskjold når denne jenta er i nærleiken! eg skal ikkje stå heilt utan skuld og innrømmer å ha dytta litt då ho datt ned ein skrent tidlegare i vår. Uheldigvis omskapte ryggen seg til gelè som landa mjukt i lyngen.
På grunn av denne feiden bestemte vi oss for å gå http://agder.fhs.no/ og http://www.oytun.fhs.no/ neste år. Då var avstanden så stor at ho ikkje kunne klare å sykle til Lina for å DREPAMÆ.
Men så kom denne karen inn i biletet: http://borreminne.hive.no/aargangene/2004/Bilder/johan.jpg
og sakte, men sikkert gjekk vi frå fattigsamfunn til veleferdsstat ilag sjølv om ein fugl åt opp brødet vårt.

No skal vi berre bu 47 minutt frå kvarandre og ingenting gler meg meir enn akkurat det.
Viss ikkje, ja då skal eg jammen hoppe etter deg sånn at eg berre heng etter ein arm for å prøve å redde deg frå lyngens tyranni. Kanskje eg til og med skal rope som ein 40-åring.

Takk for grisefot del 2:

Idag når eg rydda fann eg, under gristefoten, ein liten notis der det sto: jeg får lov til å ha Svinse i hele dag. Litt seinare såg eg at ein kulepenn hadde skrive: PRESTEGRILL på veggen. Vidare, på min andre vegg sto det: Pappa skriver alltid G.N. Det betyr God natt.
Summen av desse blir til ein av dei personane eg aldri får nok av.
Fordi ho kan nesten heile den uheldige mannen utenat og kan synge den med akkurat passe innlevelse Og så var det kjempemorsomt å få låse deg inn i ei skuffe.
Ja, det var det. Det var akkurat det.

Vaske alle i ring!

No har eg sett meg lei på at Ragnhild berre vil rydde veggar og krydder og ikkje vindauget.
Det var ikkje kjekt då eg innsåg at ho ikkje var til å rikke(jf.Florømor), men eg fann serviettar med norske flagg, ei metalleske, slimete søstre, tequilahatt og Øystein Eide på boks.
Dessutan tok eg foten til koppen vi fekk av Dag i 1.klasse sånn at Ragnhild no må knuse resten av koppen/kroppen for å få tak i ein like fin fot.
Så eg er i grunn storfornøgd, mestav alt fordi eg kom på eit nytt ord: gaffatak.
Grunnen til det: Eg har bygd kjøkkenet mitt i ein kasse, men taket er lekk. Ragnhild derimot har eit perfekt gaffatak.


Nei, vi får kome oss avgarde å ta eit realt gaffatak.
EG STÅR HER!

Takk for grisefot del 1.

I eit salig kaos av papir, pappøskjer og uventa mykje støv bak vaskemaskina har ikkje meg og herr Blogg fått den kvalitetstida vi hadde venta.
Når det er sagt så har eg heldigvis fått tatt ordentleg farvel med grisefoten min. Og det seier ikkje så reint lite.
Eg vil difor herved starte ein serie som skal heite
"KJÆRLEIK OG MJØLK - mitt liv på firda sett gjennom ein grisefot"
Grisefoten fekk eg av ein Datateknisk Prins på 17.mai. Og nettopp denne Datatekniske Prinsen tok i går sin hatt og stokk for å søke lykken i ein TREKKBASUN langt, langt bortenfor, noko eg syns er litt rart sidan Trekkeprins har vore fast inventar sidan ein gang for mange herrens lår sidan delte ein glassnuddel på tvers.
Først litt ordspel:
Tatapeknisk Drins
BrekkTasun
Nassgluddel
PazteTriv
Frisegot
TratreKle
Då U!
Hulegus
HiteKvus
GateGutt

Men det skal eg sei, at det kan skje verre ting. Så lenge ein hugsar å TRYKVE DØRSLAGET I KJERRINGA:::::::::::::::::::::::::::::::::::::berre ei veke att. Og så mot fremtiden og forbi!
Grisefot-jordmor:våre veier vil nok krysses gang en mang!

fredag 13. juni 2008

Framtid og håp.

Eg kom brått på kor morsomt det er at det finst vassne personar hvems fjes er bygd opp av koagulert blod. I dag har ein sånn person gitt oss kake og koagulerte kirsebær.
I tillegg har eg også utvikla ein viss negativ haldning mot ordet foredling. Personleg meiner eg språket virkeleg viser seg frå si verste side ved å la konsonantane og vokalane leve sitt eige liv og plassere seg på plassar som ein aldri skulle tru nokon kunne bu. D-en og L-en rottar seg verkeleg saman mot E. Fy, konsonantar. Dette var stygt, konsonantar.

Er det nokon som kan oppdrive teksten og melodien til "den glade familien" av Turboneger/Torbjørn Egner?

verv til tusen!

Etter at meg og Janne gjespa(!) på same tid har ho lært meg korleis å lire av seg latteren om ein slimål.

Mot dag

Vi skal ete is og bær og Kristine har lånt "jødiske fortellinger". Ho er i fyr og flamme.
Og så er eg komt opp i historie.
Ein kjempedag!
ragnhild seier det er tid for is og Janne skiftar navn til Janne Fløgstad. I dag glømte eg å kjøpe sko, men det skal det bli ei ordning på i morgon.
Bananflugene har inntatt livet vårt med storm, men blåbæra luktar heldigvis berre plastikk.
Janne skal oppbevarast i romtemperatur i tre timar. Det var jævlig surt. Vi kunne berre ete ho med ein gang. Då vet vi det til neste gang. Men for min del, nei, treng du ikkje hente skogsbæra i frysaren. Næ! Vi et sjokolade som straff.

Kjempemessig, dere!

onsdag 11. juni 2008

Siste rapport frå vakuum

Jo, takk for det, Lina.
Her i vakuum kan eg fortelje at det skjer litt av kvart. Ragnhild og Lina har nettopp kjøpt ein mjølkesjokolade og smågodt. Vi har til og med ete det opp.
På vegen frå Rema møtte vi Anne Marthe som var på veg på fjelltur. Dette minner meg på at eg skal starte ein serie som skal heite "100 personar du må møte før du dør".
Forøvrig byrja eg igår på eitt nytt prosjekt som er å rydde ut av rommet mitt. Det var spenene, men eg hatar det. Ikkje fordi det er trist, men fordi eg har aldri sett så mange ark i mitt liv. Eg var klar over at rommet var fylt av grus og tekstil og div. ting&tang, men at eg skulle ha mange meter med ark som eg eg aldri har skimta før, nei det hadde je aldri trudd. Eg fann for eksempel andre elevar sine notatar i religion samt læraren sine notat undervegs i foredraget. Så fant eg ein meter med engelskbok. Det var ikkje den spenene delen av oppdraget, eg forsto ingenting.
Spenene var det derimot å finne MINE notat, som eg forstår klinkande klart og som bragte med seg minner fra svunnen tid. Dvs. tvunnen sid.

No vil eg selge alle som vil ha urge som saftis som saftis på pappøskjer.

Natta, kjære!

mandag 9. juni 2008

RETTELSE!

No har det seg slik at eg skreiv feil. Sjølvsagt meinte eg "a lazy old donkey..."
Men no er det vel på tide og leggje den saken på hylla, beklager oppstyret. Æsj, no har den FETE skriften festa seg til skjermen for godt.

Då kan eg utnytte dens fete gjennomslagskraft til å skrike ut min protest mot dei som meiner at kjøleskapet vårt tilhøyrer gutar og er ekkelt.
Fy, bussjåfør. No er du ekkel, bussjåfør.
Kjøleskapet vårt er kanskje ikkje eit glansbilete, men veit du kva? Det inneheld meir funklande magi enn dei fleste institusjonar her til lands/vanns.
HA!

sådeså. Dessutan har vi ein skikkelig stilig eggeholder m/kvitløk.

søndag 8. juni 2008

Eg har forresten opptil for nokre minutt sidan trudd at teksten på Rosie er "And a lazy old tomcat on a midnight spree"
Men no har Fredrik pakka sekken og vi tek turen ut i villmarka.
Goooood
natt!
Herr Tomcat.

Pøsle!

Etter at Fredrik har godtatt sin skjebne som evig agressiv boms, planleggjer no Eliane overnattingstur i skinnsofaen hennar. Ho seier ho har pølse og skinke, så eg får heller oversjå narkolepsien og hoppe på lasset.
Nei, vent litt! Frå klumpen på sofaen kjem det no ny informasjon: Eliane har ikkje brødristar lengre. Det var da som bare!
Men eg blir nok ein gong overbevist av Fru. Viseboms.
Planleggjingsprosessen er i gang.
Fredrik, Kristine og Lina søv på sofaen sidan vi skal opp tidleg.
Ragnhild, Regine og Eliane tar senga.

Dette blir spenene.
NB!Eliane har ingen glass!
Men det får gå for denne gang sidan eg oppfører meg som gamal countrymann.
Well I'm sitting on a windowsill, blowing my horn.

Z

I dag har meg og Ragnhild sove som eit ektepar i ei bratt seng som gjorde at eg nesten rulla Ragnhild utfor kanten. Vi får jammen håpe at det vil sette ein stopper for narkolepsien min som har tatt litt vel overhånd i det siste spør du meg.
Narkolepsi rimer nesten på park og pepsi, tenk litt på det.
Nu skal huset ryddes! Til kanonene, finn fram kost og brett! Brett opp ermene! Til arbeide! Ragnhild har allereie begynt å vaske opp! Eg får rydde bordet då! Eller kanskje begynne med å koste! Badet! Hvem tar badet!? Kanskje jeg! Vent litt! Det er jo allerede ryddet! Søren klype! Da er det ikke mulighet! Jeg MÅ koste! Forbannet! Det var da som bare!

Faen, nå har je faen mæ nådd nøttebunnen.

Eggeskal, eggeskal ikkje, eggeskal, eggeskal ikkje, eggeskal, eggeskal ikkje.
Festlig, ikkje sant? Du skjønar, eg har tenkt litt på ordet nøttebunn.

ja, nettopp.

Tenk så morsomt det hadde vore viss ordet nettopp eigentleg heitte
nneettoopp.
DET haddde lyst opp mange liv!

Stopp en halv!

I ettertid ser eg at eg i forrige innlegg gjekk over stokk og stein i jubelbrusen over regnet.
Dette er ein beklagelig og urettferdig behandling av sola, som eg så absolutt ikkje har slutta å elske.
For å gjere det godt igjen skal eg skrive litt om min kjærleik til nemnte sola og alt ho har gjeve oss mogelegheita til å gjere dei siste vekene:
Det har vore litt av eit eventyr, skal eg seie.
- Ete middag/frukost/lunch/brunch/kaffi/aftens/kveldsmat/nattmat///////////// i hagen (hagen skal forøvrig få sin eigen hyllest ein dag det passar seg)
- Bade i dam/fjord/svette
- Spele volleyball i kjempering
- sove/kvile/døse i skuggen av eit japansk kirsebærtre

Har forresten alle høyrt songen "skuggen av ei hand"?
Skuggen av ei haaaaaaaaaaa aaaaaand
Blir eit tre i blaaaaa aaaaaant
skuggen av tooo hender
blir ein fugl som flyr
til fremmede land
til fremmede land

Den sangen pleide eg å skremme Ragnhild med, ho synst den er kjempestygg.

Plask plask det regner idag

Eg må ærlig innrømme at eg kjende eit stikk av glede då eg løfta blikket mot glaset og såg at asfalten var blitt klissete.
Kanskje dette er dagen?
Kanskje tiden er inne for å sjåååååååååååååååååååååååååå
EVENTYR I NEW YORK! Filmen meg og veslesøstra til Ragnhild har gledd oss til å sjå igjen så lenge. Eg kan knapt vente.

Har du sett!

Nei, no var det lenge sidan sist, kjære blogg. Har du sett!

Eg saknar Janne, min eldste ven som no har tatt hatt og stokk og gått ut i den store verda.
Men har du sett!Før ho gjorde det utfordra ho meg til å gjere dette:

* Plukk opp den næraste boka.
* Opne henne på side 123.
* Finn den femte setninga.
* Post dei tre neste setningane.
* “Tagg” nokre folk og gje ære til vedkomande som “tagga” deg.

Vel, eg prøvde. Fyrst prøvde eg å skjønne oppgåva, deretter å bla opp i boka ved sida av meg. MEn har du sett!det var ei bok om universet der sidene er bretta inn slik at ein kan brette dei ut og finne eit kjempebilete av diverse storslåtte tema frå, ja nettopp, universet. Så i staden for å slå opp på den ikkje-eksisterande side 123, vil eg heller meddele dette: Visste du at det var ei planetarisk stjernetåke som har tilnavnet "hamburgeren Gomez"?

Beklagar Janne, eg var nok ikkje rette mann for oppgåva.
Til gjengjeld skal eg kladeise deg sønder og sammen når du kjem heimatt.