fredag 15. august 2008

Fut eller fogd?


Når eg blir gammal med skjegget i postkassa etc. må eg passe på å ikkje sjå Ringenes Herre, to tårn. Då vil mitt hjerte briste i tusen hobbitknas. Kvifor?

JO, nettopp fordi det er ikkje mange ting som kan irritere eit pensjonisthjerte så mykje som når Samwise Gamgee klatrar utpå steinen utanfor Mordor sjølv om Gollum klart og tydeleg seier han IKKJE skal klatre der.

Og skulle du sett?

Jammen dett ikkje Samwise utfor som ei anna kløne og blir begravd på ein heilt unødvendig djup måte i usedvanlig porøs grus. Dette fører videre til at eg aldri igjen kan sjå alvekappene på same måte.


Fy, Samwise. No var du stygg, Samwise!

Og det slo meg, er han eigentleg så mykje å samle på?
Dette blir årets andre oppgåve i sommarquiz:
oppg."
lyder:
Finn ut om kommentarane SamWISE kjem med der han tar ting på kornet, set kvardagen på spissen og får både unge og gamle til å humre ( som t.d. då han tar fram meir lembasbrød og seier "mooooore lembas bread" VERKELEG er verdt å ta vare på, eller om dei skal gå i gløymeboka.
Det er opp til DEG å bestemme!

2 kommentarer:

Anonym sa...

dette vart for vanskeleg!

Janne sa...

eg har ei grøn og prikkete regnjakke/kåpe/anorakk.