torsdag 7. august 2008

Spissare enn Ripsens Ibsensbusker og velsådet!

Las på Lina Breidablik sin blogg 08.08.08( HURRAHURRAHURRA for den festlieg datoen)08.08.08 eit

KVASST
ja,
SYLSKARPT
og
NYSLIPT
innlegg angåande språk, historikk og teknologi. Vil fortsetje i den bana. Denne gang utan bruk av caps lock, KUN ved hjelp av FET skrift.

Dette innlegget er retta mot Ragnhild Eitungjerde, alias Reggae, som skriv på sin blogg 22. juli 2008:

Poker
Eg har aldri tapt eit slag poker, sa Ragnhild, og samla ihop ALLE sjetongane etter ei runde med "all in".Framleis vinnar i samfunnet enn så lenge.Texas hold'em.Par i kongar.Baby.

JAVEL, så vann du eit slag poker. Ein vinnar i samfunnet? Ja, kanskje. Kanskje du er det. Vinn alle sjetongane. Samlar inn gevinstar som perler på ei snor (ja tek eg ikkje heilt feil, så eig du vel opptil fleire perler på ei snor, såkall HALSBAND(!)
Kakelotteri, radiorace, tall ships race sopar du ihop som det skulle vere sild og makrell!

Eg vil berre seie ein ting, heilt på tampen (som no er rykande varm, eller kva???!!!):
Så det er slik det har blitt?

ja, eg vil tru dette får ein og einkvar til å tenkje LITT meir neste gong.

Heilt til sjuande vil eg tilføye at den som leia pokerspelet den kvelden, frå byrjing og til siste slutt, ja det var meg. Nok sjetongar til å forme ein blome på bordet, stabla to i høgda. Men ein må jp sjangse litt? All in? Ja, det var verdt det, heilt klart.


2 kommentarer:

m. sa...

<3 u

Gråsona sa...

Guriland! Nei ikkj veit eg med sånn ufalsk! Likte forrsten veldig godt desse kraftige ord med den fete skrift. Flott altså! Kraftkvinne!