mandag 26. mai 2008

Kjære Blogg

Om berre nokre timar finn eg ut kva NyheimNyheim har kokt sammen. Blir det grøt, blir det pai eller blir det mors kallosjer?
fortsettelse følger imorgon etter halv ni.
Personleg håpar eg på å få ei oppgåve om temaet kommunikasjon, kulturkonflikt eller håp. Men med min flaks blir det vel ingen av delene(!)

rapport fra undergrunnen

Eit lite tips for å krydre dagen:
Ta deg ein tur opp i svingen rett før den grøne brua. Stå der i både regn og sol. Etter, ja skal vi seie 20-39 minutt? kjem det gåande forbi deg ei kvinne som blir dradd oppover av sitt eige tyngdekraftige hovud. Etterpå med, ja nettopp, armane plassert i jenkastil over kvinne nr.1, ei kvinne med så gul jakke at gudene må være gale 2.
Seinare kjem det forbi to svartkledde utkledd til disney-fest som skurken Krok og Bøllis(desse blir seinare og sjå på heimvegen til lina der skurkane har rappa kvar sin megapose fylt med mat)
Dersom du ventar litt, tyggjer eit bjørkeblad som ingen endå veit er eit sterkt narkotisk stoff, kjem toppen av kransekaka. Kransekaketoppen er ikkje laga av kransekake, men av kransekakeerstatning etter at kransekakemor ikkje produserte eigen kransekakeføde. Huden er som kransekake, berre med meir protein. Kransekaka heiter kontordame frå callingen som, hold deg fast, SYKLAR oppover bakkane i hælane på sin ektemake.
ho smular litt, men klarar og presse fram eit hei mellom desperate pedaltramp idet ho passerer to elevar som ho har hatt i kikkerten lenge.


anbefalast på det sterkaste
-lina og ida-

I don't know such thing

Orson
Orson
Orson
Orson
Orson

vi elskar deg
og Geir for utlån av rom
Kristine og Regine for morsom openberring under koldtbord
Eliane for glødande engasjement
Janne for ein god arm å klype i/ å vere eit godt medgolvtroll
Fredrik for batikk
ragnhild for å ha mista sin elektriske neglefil
Ein av mine favorittar. Virkelig stort fyrste gongen eg høyrde denne jenta synge!
Tenker på å lage ein faceboooook-event der alle som er med for ein dag skal gå med berre kvite klede for å vise at vi kan alle ta sjølvstendige val. STÅ PÅ; FOLKENS! Han tru på deg sjølv og dine evner!

- Vi spurte oss selv, hva er dette?

Idag elskar eg STORE DYR!

Janne - liv og dikting part 2: "kvardagsrasisme"

Her er saka: ein dag etter ein lang tur i regnet kjem eg heim, kald og forslått. I senga på stova finn eg ingen ringare enn Janne, min gode ven og nabo. "Hei, Janne", seier eg litt fortumla og ser med eit skeivt smil på skapninga som ser ut som ei kjempestor dynehavfrue. Dyna gryntar, Janne er i det humøret i dag, tenkjer eg og spør forsiktig "kor har dei andre tatt vegen, Janne"
"dei fer no ute og spring!" Janne snur seg slik at klassekampen dekkjer både hud og hår. Så, brått og som tatt ut av den blå puta snur ho seg mot meg, flammande i blikket:
"LINA, SØK PÅ ONEGIN + OPERA!NO!" eg gkjer som ho seier, veit ikkje betre. Veit ikkje kva det vil føre til
janne: "eg VISSTE DET! EG VISSTE DET VAR TSJAIKOVSKIJ!LINA, EG SEIER DEG: EG VISSTE DET!"janne ler og brøler om kvarandre. "KVIFOR, LINA; KVIIIIIIIFOR STÅR DET Yevgény Onégin i avisa? det er ikkje likt i det heile"

og det var alt, no flettar janne sine eigne fingertuppar om til eit fjørlett svar medan ho gler seg til valkyrien. Jannemin - jeg tror jeg elsker deg.

tilbake i manesjen!

- og i fullt vigør etter ein absolutt godkjend pizza(dvs. godkjend av dei fleste. Eliane var så tvilsom til den muligens litt deigete konsistensen at ho likesågodt steikte sine stykker litt til. No sitte ho som ei apebestemor og inviterer oss på pizza hos seg.)

eg sit her som angrande syndar etter å ha kasta i meg pizzaen så fort at eg ikkje oppdaga det som ida ved min side nettopp kommenterte at pepperonien smakte som dei gjorde i spania.
NO blir eg FORBANNA!!!!

post eksamen og kakemonster

Etter ein noko lunde kjempedårlig gjennomført eksamen har vi no slått leir i sofaen igjen.
Dagens innhold i korte trekk(tilfeldig rekkefølge)::::
- stum krangel med ragnhild og søvnen om kven som skal ta først skritt og stå opp
- resten av fredriks hjemmebakte brødbakemaskinbrød med smør og KUN smør
- is
- is
- pasta som eg skal innrømme var litt spiss i kantane etter ei lang natt. med urtesalt som egentlig berre er vanlig salt gjorde saken biff.
- ikkje blanco
- litt panikk
- kan blancoen vere under bordet?
- på sara sitt rom?
- Ragnhild har blanco!
(nokre timar seinare:blancoen til ragnhild viser seg og vere av den typen som Ragnhild og KUN ragnhild kan kontrollere)
- ord om å holde ut(KJEMPEDIKT altså)
- lina tar seg vann over hodet idet ho bestemmer seg for å skrive novelle.
- dilemma: begynne på nytt

PAUSE: ein av to identiske amøber spør om eg kan finne ein spesiell blogg. OG EG TEK SAKA!

søndag 25. mai 2008

Janne - liv og dikting

Dagen når nye høgdar idet janne har fått krøllar og krøllar seg på golvet medan ho skrik desperat etter rista skive med smør.

Utvekstalarm!

Ein lang og fin dag måtte altså ende i tragedie.
To ubudne gjestar, den eine raud og skjødesløs, den andre ein rambo i forkledning, har slått seg ned på kjøkkenet til meg og Ragnhz og VIL IKKJE FORSVINNE!vi har prøvd alt. Gass, kudrepemaskin og popcornfettoversvømmelse. Men dei blir...og blir...og blir.
Korleis skal det no gå med Lina når ho om berre nokre timar skal skrive sin siste stil for all framtid?
Jo det skal eg seie: det skal gå strålande finfint knallfantastisk

(for sjølv om fredrik nettopp kalte meg gammal dame med liggesmerter)

så gler eg meg som eit grisebarn til alle eventyra morgendagen vil bringe

Debatt!

Er det positivt å kjennes ut som ein grisefot?
Dersom ja: javel, fint. GRisen takkar.
Dersom nei: neivel, korleis ville DU ha kjend det inni deg dersom nokon kom og sa at "nei, eg syns ikkje det er positivt at du kjennes ut som ein menneskelegg"?


Få opp auga, folkens! jorda snurrar ikkje berre kring deg.

Ode til Geir

Verdens beste nabo, rett og slett!

Med sprøstekt løk og skillende padder
med hår som en bøk og trillende ladder(=latter)
grillmaker, syvsover, hør nå mitt kall!
måtte vårt naboskap vare ca en måned til i alle fall


sanN!

Dette blir SpENene, dere!

Etter mykje om og men har min venn janne fått fyr på frityrpanne og kasta si landsmaninne inn i bloggens skjødesløse fang.
Korleis det går får du vite om litt, etter at nemnde Janne og namnlause Ragnhild har kokt mat av rester, og KUN rester.
Vi er framleis usikre på om maten skal etast i hagen eller på kaien.



- eg har uansett ein grisefot med pels på i lomma


(!)
Neinei, dette var artig, men pliktene kaller. Janne treng ei stor plastskjærefjøl og gjett kven som har fått ansvaret for å finne den?