tirsdag 22. juli 2008

Løysing på SOMMARKVÆÆS!

Tida er ute, folkens!
Tilstrøyminga og responsen har vore upåklageleg, men ein gong må moroa stanse. Ikkje sant?
Her kjem fasit på oppg.!:

Volleyball i heimelaga volleyballhage (type fiskenett) = Myta om Sisyfos
Ja, det er ingenting som å klatre ned ein mur-hoppe over ein hekk-vasse i litt myr-trakke oppi komposthaugen-sparke til eit pinnsvin-lirke handa gjennom brennesler
FOR SÅ å kaste opp ballen
FOR SÅ å surve
FOR SÅ å GJENTA DET HELE TIL DU ER BLITT FLINK NOK TIL Å SURVE.
Og NEI, det var IKKJE meiningen at dette skulle vere kåseriironi!

En morell, to moreller, hundre morelli, morellis utan ende (type dei ikkje heilt raude, heller gyldne) = Han Solo und Gretchen.
ja, du gjetta riktig. Ein morellestein kan også brukast til å finne vegen heim. Kven treng ein travel storby når ein har ein godtepoze/ godisbægg rett i lende, på kvart eit tree? Stileg språkbruk hjelp jo også på. (Vil du vite meir? finn oss på LINA MOT FRÅFLYTTING!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!.net

Fiskesuppe (type Åge) = Alice i Eventyrland. Eg siktar her til to tøffe typar. Dei to karane finn på mykje sprell og er alltid på farten. Ein dag snakka dei sammentrykt og fortalde ei historie som handla om skjel. I fiskesuppa til Åge var det jommen sa jeg blåskjel!Tilfeldig? Nepe.

Volleyball på ferdiglaga volleyballbane (type sand) = Moses i Sivet
Ja, akkurat her er det samanhengen kanskje ikkje spå mykje å skryte av. Det var vel berre det at volleyballbana i Balestrand tilfeldigvis befinn seg på Sygna. Der er det siv, som vi mista ballen ned i. No skal det seiast at eg for nokre minutt sidan bar ned klesvask i Ciderhuset og den korga minna mistenkeleg om korga i filmen "Prinsen av Egypt". Kven veit, kanskje eg nettopp i kvardagens tjas&mas, kasta eit lite spebarn inn mellom snurrande klutar og badehandklede?

Kattepusis (type svart og ho tynne) = David og Goliat.
Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at når kattar blir til grisar så store som fjell, ja, så kallar ein dei gjerne Goliat. Og når andre til motsetning får plass i den vesle hola i eit bringebær vel eg å tiltale dei, uten unntak, som David. Som mor mi bruker seie "Ja, hadde det ikkje vore for at riddersporane mine er så store i år, så hadde den katten vore


DETT skulle vere DETT, neste oppgåve kjem rundt svingen.

Dagens vinnar: Fredrik Høstaker, 5020, Bergen. Gratulerer, Fredrik, du vil bli tilsendt ei sølekake og tre halve snes

søndag 20. juli 2008

livets gåterier

skal eg på jobb klokka 7.45 eller 08.30 i morgon?
Nei. det må gudane vite.

tirsdag 15. juli 2008

Smaskerøter

Ja, det skulle vel vere alt.

søndag 13. juli 2008

ÅRETS STORE SOMMARKVÆSS!

Lina har starta elevbedrift!

Kvar SOLSTRÅLANDE dag i sommar skal ho lage ei lita SOLSTRÅLANDE oppgåve omkring det som dei SOLSTRÅLANDE timane her i Perla Ved Sognefjorden har bydd på.
Så sett i gang, kvess blyanten, tørk pannebrasken og legg på svøm!
(oppgåvene blir ikkje rangert etter tal, men etter det symbolet som dukkar opp når eg held inne SHIFT, så her gjeld det å fylgje med!)
Dei som har alt rett ved sommarslutt er med i trekninga av ein flunkande ny SOLSTICK-is!

Oppg. !:

Nedafor ser du 5 hendingar som helga har servert. Kvar hending er linka til ei kjend forteljing. Klarar du å gjette kva slags som høyere i lag?
Fasit blir servert om ein dag eller to.

- Volleyball i heimelaga volleyballhage (type fiskenett)
- En morell, to moreller, hundre morelli, morellis utan ende (type dei ikkje heilt raude, heller gyldne)
- Fiskesuppe (type Åge)
- Volleyball på ferdiglaga volleyballbane (type sand)
- Kattepusis (type svart og ho tynne)

- Moses i sivet
- Hans og Grete (Hanzel und Gretel)
- Myta om Sisyfos
- David og Goliat
- Alice i eventyrland

fredag 11. juli 2008

Back on track.......eller ikke(!)(!)(!)

For ei stund sidan var Lina litt i stuss over korleis ho skulle gå fram.
Skulle eg fortsetje der eg slapp med å hylle eventyret som inneheldt gulehusgrisebruskaffikrusmorgenrusgrillegrusspenejus
eller ta ein pause for å oppdatere meg sjølv om nye mirakel meir konsentrert om heimkomst til grønneengermykesengerblomsterstengermerepengermatiflenger?



Desverre har det no dukka opp endå ein kjepp i hjulet på mamma sin sykkel med korg.
den ser slik ut: http://www.roskilde-festival.dk/
Den kjeppen er så stor at den ikkje får plass nokonstadsheniverda (kanskje so i lende, men vær ikkje for sikker)
Lar den seg beskrive med ord? NEPE!
Fekk vi ete nepestappa vi hadde med i pose? NEI
Fekk vi infisert agurkane med antibac? JA
Var det eit attentat frå Rom-bestemor retta mot vestlege ferieturistar som gøymer seg i pustande telt og pantsetjer Bestemors tunnelbolig? KANSKJE. KVEN VEIT, KANSKJE DET VAR EIT UHELL?KANSKJE EIT ROP OM MERKSEMD?EIT SÅRT HIKST I MØRKRET OM AT EN ELLER ANNEN, SKULLE SJÅ HO FOR DEN HO VAR UNDER STAKKEN OG BRILLAN?JA, KVEN VEIT.

Så det var det. Ingen system i oppmarsj - man får la det gå sin gang, sa mannen og wouldnt want to stay here
Its too old and cold and settled in its ways here.

Nei, gubbis! No skal eg krype til mio eiga køys som har slått rot i kjellaren.
God natt min skatt!