torsdag 28. august 2008

Eg er no så godt som offisiell medlem i Filadelfiamenigheden i Kristiansand.
Meir om dette seinare.

onsdag 27. august 2008

All along the watchtower

Ja, det har seg slik at Lille Gris har pakka saman huset lagd of straw, snørt sine blinkende tøysko og loffet avsted til ukjent land. Som ein triveleg kåsør påpeikte her forleden er grisefoten landa på ingen ringare enn Sørlandet. Og joda, her er det fint. Idag fann vi eit kjøkkenpersonell i skogen. Dei hadde stått der i sju år sa dei. Så batt dei bind for auga våre, lo rått og ga oss
marsmallowsseigemennoreganobamsemumskanel. Dernest kom ein sjømann med hatt og gitar og fortalde oss om korleis pinnar kan fly. Heldigvis tok vi ein kano som låg gøymd bak ei kristtorn og sette kursen mot ein kunstnar som hadde satt seg på ei vannlilje. Der såg ho ut som ein saccosekk med nyvaska hår.
Ellers går det i allsang og euforiske tilstandar, masse mat og koselege folk.
Lille Gris smiler lurt og tenker på den gongen på mellomtrinnet då eg trudde eg aldri skulle reise på leirskule igjen.


tenk litt på det, og på kor morsom "little drummer boy" eigentleg er om du ser vekk ifrå teksten.
Dessutan har meg og William funne ei padde som var så stor at den ikkje kan hoppe. Ei mislukka padde vil somme sei, men den hadde i alle fall mot til å stå fram midt i vegen med sitt handicap.


Javel, pliktene kaller på grisen! Vi sees rundt neste sving, dette året skal bli eit bra bloggår.

- Lina A. Breidablik, fagbrev i folkehøgskule og gastronomi.

fredag 15. august 2008

Fut eller fogd?


Når eg blir gammal med skjegget i postkassa etc. må eg passe på å ikkje sjå Ringenes Herre, to tårn. Då vil mitt hjerte briste i tusen hobbitknas. Kvifor?

JO, nettopp fordi det er ikkje mange ting som kan irritere eit pensjonisthjerte så mykje som når Samwise Gamgee klatrar utpå steinen utanfor Mordor sjølv om Gollum klart og tydeleg seier han IKKJE skal klatre der.

Og skulle du sett?

Jammen dett ikkje Samwise utfor som ei anna kløne og blir begravd på ein heilt unødvendig djup måte i usedvanlig porøs grus. Dette fører videre til at eg aldri igjen kan sjå alvekappene på same måte.


Fy, Samwise. No var du stygg, Samwise!

Og det slo meg, er han eigentleg så mykje å samle på?
Dette blir årets andre oppgåve i sommarquiz:
oppg."
lyder:
Finn ut om kommentarane SamWISE kjem med der han tar ting på kornet, set kvardagen på spissen og får både unge og gamle til å humre ( som t.d. då han tar fram meir lembasbrød og seier "mooooore lembas bread" VERKELEG er verdt å ta vare på, eller om dei skal gå i gløymeboka.
Det er opp til DEG å bestemme!

torsdag 7. august 2008

Spissare enn Ripsens Ibsensbusker og velsådet!

Las på Lina Breidablik sin blogg 08.08.08( HURRAHURRAHURRA for den festlieg datoen)08.08.08 eit

KVASST
ja,
SYLSKARPT
og
NYSLIPT
innlegg angåande språk, historikk og teknologi. Vil fortsetje i den bana. Denne gang utan bruk av caps lock, KUN ved hjelp av FET skrift.

Dette innlegget er retta mot Ragnhild Eitungjerde, alias Reggae, som skriv på sin blogg 22. juli 2008:

Poker
Eg har aldri tapt eit slag poker, sa Ragnhild, og samla ihop ALLE sjetongane etter ei runde med "all in".Framleis vinnar i samfunnet enn så lenge.Texas hold'em.Par i kongar.Baby.

JAVEL, så vann du eit slag poker. Ein vinnar i samfunnet? Ja, kanskje. Kanskje du er det. Vinn alle sjetongane. Samlar inn gevinstar som perler på ei snor (ja tek eg ikkje heilt feil, så eig du vel opptil fleire perler på ei snor, såkall HALSBAND(!)
Kakelotteri, radiorace, tall ships race sopar du ihop som det skulle vere sild og makrell!

Eg vil berre seie ein ting, heilt på tampen (som no er rykande varm, eller kva???!!!):
Så det er slik det har blitt?

ja, eg vil tru dette får ein og einkvar til å tenkje LITT meir neste gong.

Heilt til sjuande vil eg tilføye at den som leia pokerspelet den kvelden, frå byrjing og til siste slutt, ja det var meg. Nok sjetongar til å forme ein blome på bordet, stabla to i høgda. Men ein må jp sjangse litt? All in? Ja, det var verdt det, heilt klart.


Kritikk. Ja, du las riktig!

Las på Lina Breidablik sin blogg 22.07.08 eit innlegg om volleyball og innsåg brått kor tåpelig ordet SURVE ser ut svart på kvitt. La dette aldri gjenta seg.
Vil i tillegg kritisere mangelen på innlegg, og kvalitet på innlegg. Trekker i same slengen fram dårleg teinksetjing.
Elles ingenting og utsetje, litt smårusk her og der, hist og prest og sånn og sånn der borte, ved ovnsbakte potetene.

Elles så er eg rett og slett skuffa og i harnisk, ja, har faktisk ein del å utsetje! JA, det tør eg seie! eIN SKAL FÅ LOV(beklagar bruk av cæppslåkk, innrømmer at eg vart litt for ivrig der. Ja, og det tar eg på mi kappe. Det gjer meg ikkje til ein dårleg debattant. KUN, ja eg seier KUN og ikkkje BERRE. KUN ENGASJERT når det kjem til det siste stykket!)))))))


Og det står eg for.

søndag 3. august 2008

PS, SOS!

(som ein ekstra gulrot er sangane i filmen teksta på norsk. Ung og vill, du er fin, diggin' the dancing queen)

Worms

Ja, det er mykje ein skulle sagt. Kanskje ein skulle funne ein måte å effektivisere språket. Kutte ut overflødige bokstavar her og der? hr&dr?h&d?hd?adhd? jommensajegsmør, been there.
nei, ein får berre godta at når SOMMERN STÅR FOR DØRA OG VARMAR FJORDEN TIL OVER TJUE GRADER; ja då har ein betre ting å ta seg til enn å blogge.

Finne eit tre i sjøen foreksempel,sove ståande i tunet og snorke i øyrene til kvarandre, alltid finne minst eitt familiemedlem i sjøen til eikvar tid, miste ferja og bade på kaien, bake 17 pizza og sjå cinema paradiso på ciderhusvegg, grillegrillegrille,bade litt meir, kaste seg på sykkelen i pause frå jobb, rekke lunsj+bading pluss sosialt samvær+helse på nye gjester frå tyrkia på ein halv time, sykle tilbake og late som ingenting har hendt, men vere i litt betre humør enn både vaksne&barn resten av dagen, følge med på familieidyll med mor&far&barn&hund blir brutt idet hund lider Edvard Saksehåndskjebnenår han vil svømme med far, og far som lider endå meir i sitt stille inferno av klør og badebukserier, besøkbesøk frå gamledagar, kreativ nattvolleyball med partiske dommarar utan sans for estetikk, nattbad og en hyllest til tangens mange bruksområder, nattcrocket,seinfeld, pizzerier, kanotur med salatmesteren,sopptårn

Og ikkje MINST: MAMMA MIA! - ein ABBAmusikal som rører ved 40årgamledamers sarte sinn og råkkefot. med fengande rytmer og kjende fjes er denne erotiske novella av eit fyrverkeri eit gresk bryllup i ein grå kvardag! Løp og kjøp!