søndag 13. juli 2008

ÅRETS STORE SOMMARKVÆSS!

Lina har starta elevbedrift!

Kvar SOLSTRÅLANDE dag i sommar skal ho lage ei lita SOLSTRÅLANDE oppgåve omkring det som dei SOLSTRÅLANDE timane her i Perla Ved Sognefjorden har bydd på.
Så sett i gang, kvess blyanten, tørk pannebrasken og legg på svøm!
(oppgåvene blir ikkje rangert etter tal, men etter det symbolet som dukkar opp når eg held inne SHIFT, så her gjeld det å fylgje med!)
Dei som har alt rett ved sommarslutt er med i trekninga av ein flunkande ny SOLSTICK-is!

Oppg. !:

Nedafor ser du 5 hendingar som helga har servert. Kvar hending er linka til ei kjend forteljing. Klarar du å gjette kva slags som høyere i lag?
Fasit blir servert om ein dag eller to.

- Volleyball i heimelaga volleyballhage (type fiskenett)
- En morell, to moreller, hundre morelli, morellis utan ende (type dei ikkje heilt raude, heller gyldne)
- Fiskesuppe (type Åge)
- Volleyball på ferdiglaga volleyballbane (type sand)
- Kattepusis (type svart og ho tynne)

- Moses i sivet
- Hans og Grete (Hanzel und Gretel)
- Myta om Sisyfos
- David og Goliat
- Alice i eventyrland

3 kommentarer:

Gråsona sa...

Ja, eg legge meg ut på svøm, og tar oppg. Eg er jo trossalt berre ei vaskekone.

- Volleyball i heimelaga volleyballhage (type fiskenett)- Myta om Sisyfos
- En morell, to moreller, hundre morelli, morellis utan ende (type dei ikkje heilt raude, heller gyldne)- Hans og Grete (Hanzel und Gretel)
- Fiskesuppe (type Åge)- Alice i eventyrland
- Volleyball på ferdiglaga volleyballbane (type sand)- David og Goliat
- Kattepusis (type svart og ho tynne)- Moses i sivet

Lina sa...

Her må eg sei meg veldig imponert.
Først og fremst over Ei. Fredde AS som overraskar stort med berre ein feil. Dernsest over Ho. Ragge and company som ikkje gjekk i Gretel-fella som eg på snurlig vis hadde lagt ut.

fasit kjem straksens!

Anonym sa...

Nei VETTUKA! Detta gjorde meg både glad og yr.no! Fløtte fløtte. Håpe eg vinne eg vøtte!