onsdag 27. august 2008

All along the watchtower

Ja, det har seg slik at Lille Gris har pakka saman huset lagd of straw, snørt sine blinkende tøysko og loffet avsted til ukjent land. Som ein triveleg kåsør påpeikte her forleden er grisefoten landa på ingen ringare enn Sørlandet. Og joda, her er det fint. Idag fann vi eit kjøkkenpersonell i skogen. Dei hadde stått der i sju år sa dei. Så batt dei bind for auga våre, lo rått og ga oss
marsmallowsseigemennoreganobamsemumskanel. Dernest kom ein sjømann med hatt og gitar og fortalde oss om korleis pinnar kan fly. Heldigvis tok vi ein kano som låg gøymd bak ei kristtorn og sette kursen mot ein kunstnar som hadde satt seg på ei vannlilje. Der såg ho ut som ein saccosekk med nyvaska hår.
Ellers går det i allsang og euforiske tilstandar, masse mat og koselege folk.
Lille Gris smiler lurt og tenker på den gongen på mellomtrinnet då eg trudde eg aldri skulle reise på leirskule igjen.


tenk litt på det, og på kor morsom "little drummer boy" eigentleg er om du ser vekk ifrå teksten.
Dessutan har meg og William funne ei padde som var så stor at den ikkje kan hoppe. Ei mislukka padde vil somme sei, men den hadde i alle fall mot til å stå fram midt i vegen med sitt handicap.


Javel, pliktene kaller på grisen! Vi sees rundt neste sving, dette året skal bli eit bra bloggår.

- Lina A. Breidablik, fagbrev i folkehøgskule og gastronomi.

3 kommentarer:

Anonym sa...

For ein start! Detta gleeda eg emg til å høyre meir om.
Little drumemr boy er ein vandrande komedie frå enden til annen, så det er sagt. Savna grisefoten her...

Hilde sa...

For ei fantastisk skildring av gårsdagens natursti! Men du gløymde fjellgeita som hadde gått seg vill i skogen og hadde laga seg eit telt midt i skogen... Einaste provianten han hadde var nokre seigmenn, og for at dei skulle vare lengst, ville han ha hjelp med å strekke dei lengst mogleg. :)

Janne Nygård sa...

Men lina då! Padder kan jo faktisk ikkje hoppe, det er jo det som skil dei frå froskane!

:)

Helsing naturfagsentusiast.