mandag 26. mai 2008

Janne - liv og dikting part 2: "kvardagsrasisme"

Her er saka: ein dag etter ein lang tur i regnet kjem eg heim, kald og forslått. I senga på stova finn eg ingen ringare enn Janne, min gode ven og nabo. "Hei, Janne", seier eg litt fortumla og ser med eit skeivt smil på skapninga som ser ut som ei kjempestor dynehavfrue. Dyna gryntar, Janne er i det humøret i dag, tenkjer eg og spør forsiktig "kor har dei andre tatt vegen, Janne"
"dei fer no ute og spring!" Janne snur seg slik at klassekampen dekkjer både hud og hår. Så, brått og som tatt ut av den blå puta snur ho seg mot meg, flammande i blikket:
"LINA, SØK PÅ ONEGIN + OPERA!NO!" eg gkjer som ho seier, veit ikkje betre. Veit ikkje kva det vil føre til
janne: "eg VISSTE DET! EG VISSTE DET VAR TSJAIKOVSKIJ!LINA, EG SEIER DEG: EG VISSTE DET!"janne ler og brøler om kvarandre. "KVIFOR, LINA; KVIIIIIIIFOR STÅR DET Yevgény Onégin i avisa? det er ikkje likt i det heile"

og det var alt, no flettar janne sine eigne fingertuppar om til eit fjørlett svar medan ho gler seg til valkyrien. Jannemin - jeg tror jeg elsker deg.

Ingen kommentarer: