fredag 20. juni 2008

Takk for grisefot del 3:

Ny informasjon har forplanta seg i min kropp og sjel. Som dei fleste veit så har eg krangla ein del opp gjennom mi tid her på Firda og då spesielt med ein person. Ja, det er ikkje mange som veit at det var ho som trykte ein ananas i fjeset mitt sånn at eg fekk ujevn pigmentfordeling. Det er ikkje sjeldan eg har måtte tydd til grisefotskjold når denne jenta er i nærleiken! eg skal ikkje stå heilt utan skuld og innrømmer å ha dytta litt då ho datt ned ein skrent tidlegare i vår. Uheldigvis omskapte ryggen seg til gelè som landa mjukt i lyngen.
På grunn av denne feiden bestemte vi oss for å gå http://agder.fhs.no/ og http://www.oytun.fhs.no/ neste år. Då var avstanden så stor at ho ikkje kunne klare å sykle til Lina for å DREPAMÆ.
Men så kom denne karen inn i biletet: http://borreminne.hive.no/aargangene/2004/Bilder/johan.jpg
og sakte, men sikkert gjekk vi frå fattigsamfunn til veleferdsstat ilag sjølv om ein fugl åt opp brødet vårt.

No skal vi berre bu 47 minutt frå kvarandre og ingenting gler meg meir enn akkurat det.
Viss ikkje, ja då skal eg jammen hoppe etter deg sånn at eg berre heng etter ein arm for å prøve å redde deg frå lyngens tyranni. Kanskje eg til og med skal rope som ein 40-åring.

Ingen kommentarer: