Nei, no var det lenge sidan sist, kjære blogg. Har du sett!
Eg saknar Janne, min eldste ven som no har tatt hatt og stokk og gått ut i den store verda.
Men har du sett!Før ho gjorde det utfordra ho meg til å gjere dette:
* Plukk opp den næraste boka.
* Opne henne på side 123.
* Finn den femte setninga.
* Post dei tre neste setningane.
* “Tagg” nokre folk og gje ære til vedkomande som “tagga” deg.
Vel, eg prøvde. Fyrst prøvde eg å skjønne oppgåva, deretter å bla opp i boka ved sida av meg. MEn har du sett!det var ei bok om universet der sidene er bretta inn slik at ein kan brette dei ut og finne eit kjempebilete av diverse storslåtte tema frå, ja nettopp, universet. Så i staden for å slå opp på den ikkje-eksisterande side 123, vil eg heller meddele dette: Visste du at det var ei planetarisk stjernetåke som har tilnavnet "hamburgeren Gomez"?
Beklagar Janne, eg var nok ikkje rette mann for oppgåva.
Til gjengjeld skal eg kladeise deg sønder og sammen når du kjem heimatt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar