Jo, takk for det, Lina.
Her i vakuum kan eg fortelje at det skjer litt av kvart. Ragnhild og Lina har nettopp kjøpt ein mjølkesjokolade og smågodt. Vi har til og med ete det opp.
På vegen frå Rema møtte vi Anne Marthe som var på veg på fjelltur. Dette minner meg på at eg skal starte ein serie som skal heite "100 personar du må møte før du dør".
Forøvrig byrja eg igår på eitt nytt prosjekt som er å rydde ut av rommet mitt. Det var spenene, men eg hatar det. Ikkje fordi det er trist, men fordi eg har aldri sett så mange ark i mitt liv. Eg var klar over at rommet var fylt av grus og tekstil og div. ting&tang, men at eg skulle ha mange meter med ark som eg eg aldri har skimta før, nei det hadde je aldri trudd. Eg fann for eksempel andre elevar sine notatar i religion samt læraren sine notat undervegs i foredraget. Så fant eg ein meter med engelskbok. Det var ikkje den spenene delen av oppdraget, eg forsto ingenting.
Spenene var det derimot å finne MINE notat, som eg forstår klinkande klart og som bragte med seg minner fra svunnen tid. Dvs. tvunnen sid.
No vil eg selge alle som vil ha urge som saftis som saftis på pappøskjer.
Natta, kjære!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar