søndag 8. juni 2008

Stopp en halv!

I ettertid ser eg at eg i forrige innlegg gjekk over stokk og stein i jubelbrusen over regnet.
Dette er ein beklagelig og urettferdig behandling av sola, som eg så absolutt ikkje har slutta å elske.
For å gjere det godt igjen skal eg skrive litt om min kjærleik til nemnte sola og alt ho har gjeve oss mogelegheita til å gjere dei siste vekene:
Det har vore litt av eit eventyr, skal eg seie.
- Ete middag/frukost/lunch/brunch/kaffi/aftens/kveldsmat/nattmat///////////// i hagen (hagen skal forøvrig få sin eigen hyllest ein dag det passar seg)
- Bade i dam/fjord/svette
- Spele volleyball i kjempering
- sove/kvile/døse i skuggen av eit japansk kirsebærtre

Har forresten alle høyrt songen "skuggen av ei hand"?
Skuggen av ei haaaaaaaaaaa aaaaaand
Blir eit tre i blaaaaa aaaaaant
skuggen av tooo hender
blir ein fugl som flyr
til fremmede land
til fremmede land

Den sangen pleide eg å skremme Ragnhild med, ho synst den er kjempestygg.

Ingen kommentarer: